Ein ny fotballtrenar legg mørke skyer over keeperlivet til tolvåringen Lena Lid. I nabohuset spekulerer Trille på korleis han kan gjere inntrykk på den nye jenta i klassen. Og på havet jaktar farfar på storfisken, slik han alltid har gjort, utan å bry seg om at han byrjar å bli gammal.

Det er duka for mykje drama og sterke kjensler når Lena, Trille og farfar går inn i eit år der dei må kjempe hardt både med seg sjølve og med naturkreftene. For kva skal ein gjere når alle flåtane ein byggjer, forliser, alle flaskepostane ein sender, driv inn i fjørene heime og ingen bryr seg om det ein verkeleg kan? Ein kan i alle fall ikkje gi seg på det! 

Maria Parr er fødd i 1981 på Fiskå i Vanylven. Ho debuterte med Vaffelhjarte i 2005, og fekk sitt store gjennombrot med Tonje Glimmerdal i 2009. I 2017 gav ho ut boka Keeperen og havet. Bøkene til Maria Parr er omsette til mange språk, og ho har også vunne ei rekkje internasjonale prisar. Ho har mastergrad i nordisk litteratur frå Universitetet i Bergen, og er utdanna lærar.